Tekst: Marit Hallvardsdotter Stafsnes
Kjelder: ”Wild Cats of the World” by Luke Hunter, SNL, Forskning.no, National Geographic
Puma: Utbredt i heile Amerika. Føretrekker tett kratt og steinete område, men kan også leve i opne sletter, barskog, tropiske skogar, sumpar og ørkenar. Foto: Pxhere.com
Sibirtiger: bur i borealskog i Nord-Aust Asia. Tigeren er eit av få kattedyr som trivst i vatn, dei trivst så bra at dei har svømmehud mellom potane! Foto: Pxhere.com
Afrikansk løve: Afrika! Lever helst på opne sletter og savanner. Foto: Benh Lieu Song, CC BY-SA 3.0
Leopard: Trivst i alt frå tørr savanne til tropisk regnskog. Oppheld seg mykje tid kvilande i eit tre. Foto: Pxhere.com
Jaguar: Trivst best i tropisk regnskog, typisk i våtmarksområde i Brasil i nær tilknytning til vatn. Foto: Leonardo Ramos, CC BY-SA 4.0
Snøleopard: Også kalla «Himalayas spøkelse». Lever i høgda, opptil 6000 meter over havet i og rundt Himalaya. Fjellsider med klipper, ryggar og raviner er føretrekte habitat. Pelsen sin farge og mønster gir svært god kamuflasje mot fjellsidene. Foto: Eric Kilby from Somerville, MA, USA, CC BY-SA 2.0
Fiendar
Kattedyr er ofte toppredatorar, dette betyr at dei er øvst i næringskjeda og ikkje har naturlege fiendar. Likevel er
mange kattedyr trua og det er det fleire årsaker til:
Tap av leveområde: naturlege habitat forsvinn på grunn av utbygging av industri, skogshogst, utviding av jordbruksområde eller på grunn av klimaendringar.
Mangel på byttedyr: det kan vere nedgang i byttedyrartar på grunn av tapt natur, klimaendring eller konkurranse med mennesket.
Ulovleg handel: etterspørsel etter pels og kroppsdelar; spesielt tenner, klør og bein.
Etterspørsel etter kjæledyr: i Golfstatene har det blitt vanlg med gepard til kjæledyr, gjerne berre for fotografering for auke Instagram-trafikk.
Konflikt med menneske: når kattedyra held til i nærleiken av menneskedominerte område vil dei ofte ta husdyr og i nokre tilfelle livet av menneske. Dette fører ofte til at kattedyr blir drepne.
Klimaendringar: global oppvarming fører til endring av habitat; smelting av snø, tørke og erosjon av kystlandskapet.
Med stigande havnivå vert mangroveskogen mindre.
Les mer: Visste du at gaupa er det største og eneste kattedyret som lever vilt i Skandinavia?