– Høyr på barn! Det er me som skal leva her lengst!

Miljøagentane på Stord leverte torsdag innspel til kommuneplanen for 2020-2040, der dei kjem med fleire forslag til korleis kommunen kan bli grønare.

– Det er me som er barn som skal leva lengst på Stord. Me håpar derfor at me blir høyrt på når kommunen skal bestemma over framtida vår! seier leiarane i Miljøagentane på Stord, Malene Ruhs Langåker (11) og Nora Elise Hauan (11).

Miljøagentane på Stord hadde eit møte på Stord folkebibliotek i august der miljøagentane snakka om korleis me kan få ei grøn framtid på Stord – og kva kommunen bør ha med i kommuneplanen fram til 2040.

For at sentrum skal bli ein endå kjekkare, finare og betre plass å vera, føreslår miljøagentane mellom anna å planta fleire tre, blomar og planter – og få fleire leikeplassar og klartrepark mellom trea. Miljøagentane vil òg opna for å dyrka mat fleire stader i sentrum, og ha loppemarknad og fleire bossplukkedagar.

Miljøagentane føreslår fleire klimatiltak, mellom anna at kommunen arbeider for å få tog og trikk til Stord og byggjer fleire sykkelvegar. Barna har ei klar oppmoding:

– Snøen er kjempekjekk å vera i, og me må gjera det me kan for å få snø i framtida også!

Her er nokre av dei andre tiltaka Miljøagentane går inn for:
• ikkje bygg motorveg gjennom Landåsen, Skjepåsen/Skiphaugsvatnet, og ikkje øydelegg naturen og dei fine badevatna våre.
• billegare buss for alle, og gratis for barn under 10 år.
• bygga fleire sykkelstiar
• skulehage på alle skular
• satsa på vindmøller på havet

Sjå heile lista!

Kommentarer

Ingen kommentarer
Last flere

Er du agent? Logg deg inn!

Eller registrer deg her.

Agentinnlogging

Har du glemt passordet ditt?
Gå tilbake til innlogging