I flotte lokaler til Havforskningsinstituttet i Nordnesbodene var vi omtrent 50 entusiastiske barn og vaksne samla ein søndag ettermiddag i desember.
Foto: Nina Liland
Agenter med familier fekk lage meisebollar med tørka melbiller og smake på melbiller.
Foto: Nina Liland
Til slutt kosa vi oss med pizza med larvetopping.
Foto: Anders Dræge
Dei som ville fekk med seg ein egen larvekoloni med heim ? Melbiller ét alt av grønsaksskrell og gir nyttig gjødsel tilbake, i tillegg er det veldig lærerikt å studere livssyklusen til melbiller; frå egg til larver, så pupper og til biller ?
Foto: Anders Dræge
Visste du at det var først i 2021 at politikerne i EU tillot insekter som menneskemat i Europa og at melbiller var den første arten som vart godkjent?
Insekt er ei miljøvenleg kjelde til protein og kan bidra til å løyse matmangelen i verda.
I andre deler av verda er insekt allereie ein viktig del av kostholdet, du kan lese meir om i denne artikkelen: Hjelp! Insekter til middag!
Tusen takk til Havforskningsintituttet ved Nina Liland for samarbeidet og Larveriet for tilgang til larver. Prosjektet var støtta av Forskningsrådet.