Miljøagentdagen i Herøy!

kl. -
Fosnavåg sentrum

Lørdag 7. Mai er det Miljøagentdagen. Dette vil miljøagentane i Herøy markere med sporløp i Fosnavåg sentrum

Lørdag 7. mai er det Miljøagentdagen - vår dag i Frivillighetens år. Dette vil miljøagentane i Herøy markere med sporløp i Fosnavåg sentrum. Det vil vere 6 forskjellige postar med spørsmål rundt om på butikkane, og i klatreparken finn du dei kjekke lokale miljøagentane som samlar inn svara! (dei er der mellom kl 12 og 14). Har ein rett på spørsmåla er ein med i trekninga om ei fin premie.

Miljøagentane er barna sin miljøvernorganisasjon. Lokallaget i Herøy har treff ca kvar 4-6 veke der vi finn på mange kjekke ting. Det er barna i styret som bestemmer kva vi skal gjere. Her er nokon av aktivitetane vi har hatt siste året:

  • Søppel og skattejakt på Runde
  • Sporløp i Mulevika
  • Pizzakveld der barna laga egen pizza
  • Juleverkstad
  • Tur til Atlanterhavsparken

Alle barn mellom 0 og 15 år kan være miljøagentar. Medlemskapet kostar 100kr i året, og det er valgfritt å vere med på treffa vi har. Ein kan vere med på 1 møte i året, alle møta, eller ingen møter :)

Ta gjerne en tur innom facebook-sida vår for å få meir info om kva lokallaget driv med: https://www.facebook.com/groups/miljoagent  

Voksenkontakt for lokallaget: Irene Skoge Remøyholm, irskoge@online.no, 952 05 862 

Kommentarer

Ingen kommentarer

Er du agent? Logg deg inn!

Eller registrer deg her.

Agentinnlogging

Har du glemt passordet ditt?
Gå tilbake til innlogging