Miljøaksjon og miljøsti på Herøy gard

Laurdag 19. august hadde Miljøagentane i Herøy eit kjempeflott besøk på Herøy Gard.

Der starta dei 10 borna som var der med å lage frøbomber. Det var ein populær aktivitet der dei blanda leire, frø og jord og trilla dei til små kuler. Bombene kan borna slenge frå seg i grøftekanten der dei ser det er litt lite blomster. På den måten hjelper vi biene.

Miljøagentane snakka litt om viktigheita av at vi har bier og tar vare på dei. Utan biene vil ikkje vi menneska få frukt og grønsaker eller kjøt.

Etter at miljøagentane hadde fått vore ombord i Anna Olava og lært litt om jekta, var borna klare for aksjon. Dei laga små lego-aksjonistar med plakatar og hadde ein liten aksjon. 6. klassingane har tidligare i år hatt “redd-biene”-aksjon utanfor rådhuset, og ein av 6. klassingane kunne fortelje at då hadde dei ringt politiet for å gi beskjed. Miljøagentane hadde ikkje gitt beskjed om den beskjedne aksjonen dei hadde laurdag, men det ser ut til at det har gått bra og dei små demonstrantane oppførte seg eksemplarisk.

Denne helga hang der også ein fin miljøsti rundt om på det idylliske området til Herøy Gard. Borna som svarte på miljøstien laurdag hadde alle svart heilt rett på alle spørsmåla og fekk utdelt diplom. Når gradestokken i tillegg kunne vise opp i 26 grader kan vi konkludere med at det var ein kjempeflott dag!

Tekst og foto: lokallaget på Herøy

Kommentarer

Ingen kommentarer

Er du agent? Logg deg inn!

Eller registrer deg her.

Agentinnlogging

Har du glemt passordet ditt?
Gå tilbake til innlogging