Biolog Per Håvard Ekli var saman med Miljøagentane og lærte dei om livet i ferskvatn. Agentane var aktive og fann mange rare dyr i dammen. Dei fekk mellom anna lære meir om korleis dyra samla luft på ulike måtar, korleis ein kan skilje mellom dei ulike artane og mykje, mykje meir.
Neste samling blir i Kringstadbukta i september. Miljøagentane blir også å treffe på Innflyttardagen i Molde 1. september. Kom gjerne innom standen vår.
Miljøagentane i Molde ønskjer alle andre Miljøagentar ein god sommar og på gjensyn til hausten!