Barnas klimapanel: Ja, vi er utålmodige!

"Veit du kvifor? Det er fordi vi har dårleg tid. Vi har dårleg tid på grunn av dykk vaksne. Skal vi løyse klimakrisa må noko gjerast NO!" skriver Barnas klimapanel.

I juni samlet Barnas klimapanel seg for å jobbe med klimarapporten 2021, basert på innspill fra barn. De hadde også et digitalt møte med statsminister Erna Solberg og ble inspirert til å skrive et leserbrev om Norge og klima.

Ja, me er utolmodige!

Veit du kvifor? Det er fordi vi har dårleg tid. Me har dårleg tid på grunn av dykk vaksne. Skal me løysa klimakrisa må noko gjerast no.

Me er Barnas klimapanel, åtte born som er valt på demokratisk vis av miljøagentar over heile landet. Me er eit talerøyr frå barn og unge til politikare og andre beslutningstagare. 

I juni jobba me med Barnas klimarapport som er basert på innspel me har fått frå born i heile landa det siste året.

Me møtte òg Erna Solberg. Me fekk fortelje om kva slags miljøsakar som er viktige for born, og spurde om klimapolitikken til regjeringa. Ho kalla oss utolmodige, og det er me. La oss forklara kvifor.

Noreg har pumpa ut olje i ca. 50 år. Det er sant at dei åra Noreg har hatt med oljeproduksjon på mange måtar har vore positive for det norske samheldet. Først og fremst har olja gjort oss til eit rikt land. 

For 50 år sidan visste me ikkje nok om kva slags konsekvensar bruk av olje som energikjelde har, men det veit me jo no! 12. desember 2015 vart Parisavtalen vedtekne. Den seier at verda må gjera alt me kan for at gjennomsnittstemperaturen på jorda ikkje skal stiga med meir enn 1,5 grader, og absolutt ikkje meir enn 2 grader innan hundreårets slutt. Viss vi ikkje klarer å avgrensa oppvarminga vil havet stiga, dyrearter døy ut, ekstremvêr bli meir utbreidd, det vil bli meir økonomisk ulikheit og konfliktar. Avtalen forventar òg at rike land som Noreg viser veg.

Me har visst dette lenge, og kan ikkje lenger ignorera at oljeutvinninga og spesielt oljeforbruket fører til forureining og klimaendringar - nokon av dei viktigaste og mest alvorslege utfordringane verda står overfor. Utfordringar Noreg har vorte eit rikt land av å bidra til. Sjølv om det teknisk sett er det landet som forbrenn olja som er ansvarleg for utsleppet, kan me ikkje forsvara at me tener oss søkkrike på noko som øydelegg kloden. Verken utslepp eller klimaendringar har landegrenser! Skal Noreg halda fram med oljeutvinning til me går tom, eller skal me ta ansvar, fasa ut og bidra til å redda kloden?

Erna, du sa at dykk heile tida vurderar om noko er lønnsamt, og ikkje opnar oljefelt som ikkje vil vere det. Det er kjempebra, for ifølgje det internasjonale energiforbundet kjem ingen nye oljefelt til å vere lønnsame frå neste år.

Me gler oss til å sjå Noreg slutta med oljeleting og åpning av nye oljefelt! Eller kanskje det ikkje er det dykk meinar? Kanskje meiner dykk at politikare her i Noreg er betra på å vurdera om noko er lønnsamt enn det internasjonale energiforbundet? I så fall vil me veldig gjerne vita kva dykk veit, som inga andre forstår.

Det er verken etisk eller lønnsamt å pumpa ut olje, så kva er vitsen? Me må slutta no!

Kva skal Noreg gjere utan olja? Godt spørsmål! Vi born har ikkje fasiten, men me har nokre idear. Det vil bli vanskeleg å slutta med oljeutvinning, men me har ikkje noko anna val. I denne overgangen kjem oljefondet til å vere viktig. Likevel kjem økonomien til å bli mindre, spørsmålet er med kor mykje. Her har dykk politikare ei nøkkelrolle for å leggja til rette for mindre forbruk og ny teknologi. Forbruket kan gå ned, men ikkje forsvinna. Derfor må Noreg òg satsa på fornybar energi og utnytta ressursane våra på ein berekraftig måte. Me må òg nytta den kunnskapen me har frå petroleumsnæringa andre stader. 

No er det sikkert mange som kjem til å seia at me er bortskjemde og at me ikkje forstår korleis velferdsstaten fungerer. Vil me ikkje ha god utdanning? Jo, det vil me, og me veit faktisk korleis velferdsstaten fungerer. Vi berre skjønner at olja ikkje varer for evig, og at jorda er mykje viktigare. Ifølgje ein spørjeundersøking gjennomført av Redd barna er 7 av 10 barn villige til å endra måten dei lever på for å ha omtanke til miljøet. Me er rett og slett klare til å ofra litt for å ikkje øydeleggja jorda.

Born er klare til å gjere det me kan, men me har ikkje tid til å venta til me styrer landet. Derfor treng me dykk vaksne. Videre oljeleiting er verken lønnsamt eller etisk riktig, det er på tide å fasa ut!

Barnas klimapanel 2021

Kommentarer

Ingen kommentarer
Last flere

Er du agent? Logg deg inn!

Eller registrer deg her.

Agentinnlogging

Har du glemt passordet ditt?
Gå tilbake til innlogging