Miljøagentane på Stord gav miljøliste til Erna Solberg

Malene Ruhs Langåker, Anna Sofie Stensletten og Marlene Pedersen frå Miljøagentane på Stord fekk møta statsministeren då ho var på Stord.

Same dag som statsministeren var med på å starta bygginga av havvindmøller og eit senter for testing av utsleppsfrie motorar for skip, så fekk ho møta tre miljøagentar på Stord.

Miljøagentane fekk tid til å spørja Erna Solberg om blant anna vindmøller, plast i havet og kva ho vil gjera for at Noreg skal bli meir miljø- og klimavenleg.

– Det var kjekt at me fekk møta ho, og eg synest ho svarte godt på mange av spørsmåla våre, fortel Malene Ruhs Langåker, Anna Sofie Stensletten og Marlene Pedersen. Alle er med i styret til Miljøagentane på Stord.

Leverte miljøliste til Erna

Miljøagentane på Stord har tidlegare hatt eit møte der alle miljøagentane har fått diskutera seg fram til korleis me kan få ei grønare framtid. Statsministeren fekk ei liste med forslag til kva regjeringa kan gjera for at framtida skal bli grønare på Stord og i Noreg.

Statsministeren merka seg at Miljøagentane på Stord seier nei til å byggja E39 som motorveg gjennom det mykje brukte turområdet i Landåsen og Skjepåsen på Stord.

– Her er det beste badevatnet på Stord, og me vil ikkje ha motorveg som øydelegg det, fortalde Malene Ruhs Langåker til statsministeren.

 

 

Kommentarer

Ingen kommentarer
Last flere

Er du agent? Logg deg inn!

Eller registrer deg her.

Agentinnlogging

Har du glemt passordet ditt?
Gå tilbake til innlogging