Innlevering av klede: kl 10 - 12, gymsalen Lilleby skole. Bytting kl 14 - 16
Klesbyttekonseptet er enkelt: Finn fram opp til sju heile og fine plagg frå bakerst i klesskapet . For kvart plagg du har med deg får du ein kupong du brukar til å bytte til deg eit nytt plagg som du faktisk har lyst til å bruke (eller kan erstatte ei ny julegåve).
Vi stiller også med nabolagskafé, klokka 14-16. Vi byr på gratis kaffi og te , hugs å ta med eigen fleirbrukskopp!
Det blir salg av samosa, kaker og vafler
Etter at du har levert klær til byttemarkedet kan du bli med "Lamo dyra" på tur. Oppmøte kl 11 for tur gjennom Lamoparken, deretter til bydelsbiblioteket på Buran og så innom Julemarkedet i Lademoen Bydelshus før du tar turen tilbake til Lilleby skole for klesbytting og kafé kl 14.
Byt dei gamle klesskattane du ikkje lenger brukar – og få nye favorittar i retur samtidig som du sparar miljøet!
Mange av oss har altfor mange klede allereie og samtidig ynskjer vi oss nye For deg som vil fornye klesskapet eller finne julegaver på ein miljøvenleg måte er byttemarked genialt!
Lever fravokste barneklede og la barna komme på skattejakt når byttemarkedet åpner - her vil de garantert finne mykje fint!
Innlevering av klær vil foregå kl 1000 – 1200. Har du barn på Lilleby ? Då vil det bli muligheter for innlevering også fredag 25, info blir sendt ut av skulen.
Klesbytting er eit hyggelig og enkelt miljøtiltak, og gode alternativ til shopping. I tillegg er det eit godt bydelstiltak, kom på kafé og slå av ein drøs