Oppdrag Endring går ut på at miljøagentar saman med familien sin vel seg ut éi utfordring knyta til forbruk som dei skal forsøke å overhalde i 30 dagar.
Målet med prosjektet er å bevisstgjere barn og unge på at eigne handlingar og samtaler kan føre til ringverknadar og endringar mot eit berekraftig samfunn.
Vår samarbeidspartnar cCHANGE er eit forskings- og verdibasert firma som støttar folk og organisasjonar i å finne sitt største potensial som endringsagent for berekraft.
Prosjektet består både av fysiske samlingar (oppstart og avslutning) og oppfølging undervegs til fleksible tidspunkt. Målet er at det skal vere gøy å vere med på og at det skal vere uproblematisk for familiar å forplikte seg til å bli med.
Denne runden er eit tilbod til alle agentar i Trøndelag frå 8 år (fødd 2014 eller tidlegare).
Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB
Påmelding her
Spørsmål? Ta kontakt med Marit på telefon 942 777 88 eller marit@miljoagentene.no