Oslo
Oslo: Demokratiskule
Miljøagentar på Austlandet er invitert på demokratiskule 12.-14. juni. Dette er eit seminar for miljøagentar frå 9 år som vil lære meir om miljøproblema og demokrati.

To miljøagentar som sit i vindaugskarmen og jobbar på data. Foto.
Kven passar dette seminaret for?
Demokratiskulen passar for miljøagentar frå 9 år (4. klasse).
Du som er med på seminaret er engasjert og nysgjerrig, vil lære meir om korleis demokratiet fungerer og korleis du kan påverke. Gjennom helga er det fleire foredrag, kurs og uteaktivitetar. Deltakarane skal finne ut av ting på eiga hand, og løyse ulike oppgåver i grupper.
Om demokratiskulen
Barn har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei. Men korleis kan barn bli viktige, og ta plass i demokratiet? Det skal vi finne ut på demokratiskulen!
Dette er eit seminar for miljøagentar som vil lære å seie ifrå. Dei som er med på seminaret vil få medietrening, lære om viktige miljøsaker, og lære å selje inn sakene dei er opptatte av. Dei får lære om demokrati i ein organisasjon og i Noreg, korleis ein kan jobbe med miljøpolitiske saker, og om korleis ein journalist jobbar.
Alle som er med på demokratiskulen får ei viktig rolle i seminaret si eiga avis. Avisredaksjonen skal bestemme kva slags saker det skal vere i avisa, kva avisa skal heite og korleis den skal sjå ut. Deltakarane deler oppgåvene mellom seg: vi treng politiske journalistar, fotografar, videojournalistar, gravejournalistar, nokon som kan lage kose- og kulturstoff, og redaktørar som kan sette avisa saman. Vi får besøk av ein ekte journalist, og får eit eksklusivt innblikk i korleis media jobbar.
Arbeidet med avisa, og deltaking på andre aktivitetar på seminaret, krev at miljøagentane på demokratiskulen kan jobbe konsentrert sjølvstendig og med gruppeoppgåver.
I år blir det ikkje landsleir. Men vi har fått støtte frå LNU til å arrangere demokratiskule for miljøagentar. Dette er ikkje ein erstatning for landsleir, men eit seminar for dei som vil lære meir om miljøproblema og demokrati. Vi skal arrangere tre demokratiskuler: På Austlandet i juni, på Vestlandet i oktober, og i Innlandet i november.
Viktig informasjon:
Når
12.- 14. juni
Hvor
Sjøglimt leirsted, Ørje
Hvem
Miljøagentar frå 9 år på Austlandet
Påmelding
Det er 70 plassar på arrangementet, vi stenger påmeldinga når arrangementet er fullt.
Deltakaravgifta er 400kr per person. Ta kontakt om du har bruk for redusert pris.
Påmeldingsfrist
28. mai