Norge

Demokratiskule i Bergen

Vi inviterer miljøagentar frå heile landet til Demokratiskule i Bergen, laurdag 10. oktober. Dette er ei samling som passar for miljøagentar frå 9 - 14 år, som vil lære meir om miljøproblema og demokrati.

To gutter smiler mot en PC. De er unge, og sola skinner inn på dem. På PC-en er det Miljøagent-klistremerker.

Foto: Johnny Vaet Nordskog

Denne samlinga er flytta frå Jondal i Hardanger til Naturvernforbundet sitt kontor i Bergen. Samlinga er berre på laurdag.

Er du ein engasjert miljøagent som vil lære meir om miljøpolitikk og journalistikk? Da bør du bli med på demokratiskulen!

Kven passar dette seminaret for?

Demokratiskulen passar for miljøagentar frå 9 år (4. klasse).

Du som er med på seminaret er engasjert og nysgjerrig, vil lære meir om korleis demokratiet fungerer og korleis du kan påverke. Vi får lære om gruvedumping i Førdefjorden, korleis ein skriv lesarinnlegg, lagar teikneserier og lærer gode debatt-knep.

Program for samlinga

10-10:30: Foredrag: Media i demokratiet
10:45-11:15: Miljøforedrag: Førdefjorden
11:45-12:30: Kurs: Skriv lesarinnlegg!
12:30-13:30 Lunsj
13:30-15:00: Teikneseriekurs med Linn Eielsen
15:30-16:15: Kurs: Vinn debatten!
16:30-17:30: Middag

Teikneseriestripe med to ruter. Haustmotiv, eit hus medrøyk frå pipa og tre med oransje og gule blad. Ei jente peikar mot to ekorn, snakkeboble med teksten "Se!".

Linn Eilesen er teikneserieskapar og barnebokforfattar

Om demokratiskulen

Barn har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei. Men korleis kan barn bli viktige, og ta plass i demokratiet? Det skal vi finne ut på demokratiskulen!

Dette er eit seminar for miljøagentar som vil lære å seie ifrå. Dei som er med på seminaret vil få medietrening, lære om viktige miljøsaker, og lære å diskutere sakene dei er opptatte av. Dei får lære om demokrati i ein organisasjon og i Noreg, korleis ein kan jobbe med miljøpolitiske saker, og om korleis ein journalist jobbar.

Viktig informasjon:

Når

10. oktober, klokka 10-18

Hvor

Tverrgaten 4, 5017 Bergen

Hvem

Miljøagentar frå fjerde klasse

Påmelding