hjemme

lokallag

vinter

Bak skogpeparkaker

Peparkaker og jul høyrer saman, men kryddera vi brukar reiser over halve verda før dei kjem til oss. Kan ein bytte ut nokre av smakane med krydder rett frå skogen? Absolutt!

Publisert: 2. desember 2024

Skrevet av: Norges sopp- og nyttevekstforbund

Pepperkakedeig med pepperkakeformer, einer og en grankvist. Ved siden av ligger en fjøl og en pose mel. Fotografi

Peparkaker med skogens heilt eige krydder. Foto: Andrea Aa. Shaw

Einer og gran gjer deilig skog- og julesmak. Gran og einer er to vekstar du finn mykje av i Noreg, og som kan bli brukt som krydder. Du kan også bruke tørka tyttebær eller sopp. Hugs å aldri ete noko du ikkje er heilt sikker på! Barlind er ein giftig busk som kan likne på gran. Spør ein voksen om du er usikker.

Bruk din eigen peparkakeoppskrift og bytt ut nokre av kryddera, tilsett skogkrydder i ein ferdigkjøpt deig, eller bruk denne oppskrifta.

Ingrediensar:

  • 150 g margarin
  • 5 dl sukker
  • 2 dl mørk sirup (ca. en halv boks)
  • 2 dl vann
  • 900 g kveitemjøl
  • 1 ss natron
  • 1 ts kanel (eller 1 ss finmala tørket sopp)
  • 1 ts nellik (valfri)
  • 1 ss einebær (finhakka)
  • 2 ss grannåler (finhakka)

Obs! Ikkje et større mengder einer over tid. Gravide og personar med nyreproblem bør ikkje ete einer.

Sånn gjør du:

  1. Bland saman det tørre og kryddera.

  2. Smelt smør og hell sirupen oppi så det blandar seg. Hell det oppi mjølblandinga, rør saman og kna til du har ein fast deig.

  3. Sett deigen i kjøleskapet til dagen etter.

  4. Rull ut deigen og stikk ut peparkaker.

  5. Steik i 5-6 minuttar på 225 grader. Følg med!

God jul!