dyr

Hubro: vår største ugle

Hubroen er den aller største og tyngste ugla, ikkje berre i Noreg, men i heile Europa! Og det er hunnuglene som blir aller størst. Med sitt spesielle utsjåande er hubroen lett å kjenne at. Ho har nemleg fjør-øyrar som minner litt om horn, og tydeleg raudoransje auge.

Publisert: 12. september 2024

Skrevet av: Skoleagent Ingvild Swane

En hubro med rødorange øyne sitter på en gren med orange høstløv. Fotografi

Hubroen har fjør-øyrar som minner litt om horn og store raudorange auge. Foto: Monikasurzin/stockadobe.com

Fakta om hubro:

  • Dei største hubroane blir over 4 kilo
  • Hubroen lever i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika
  • Hubroen heiter Bubo bubo på latin
  • Viss du vil lytte etter hubroen, er det lettast å høyre ho mellom februar og april

Ein nattjeger

Hubroen er aktiv på natta. Om dagen må ho sitte i ro, viss ikkje blir ho plaga av kråker og måkar. Når det blir natt, drar hubroen ut på jakt. I motsetnad til oss menneske ser hubroen særs godt når det byrjar å mørkne. Ho kan faktisk sjå i ljos som er 100 gongar svakare enn det vi menneske treng!

I tillegg til nattsynet sitt, får huboren svært godt nytte av sin skarpe høyrsel under jakta. Hubroen jaktar på mange forskjellige slags dyr. Ho et alt frå små gnagarar og fuglar til større byttedyr som harar og unge revar. Fisk og frosk fangar ho gjerne også.

En hubro flyr rett mot kameraet, den har store vinger og orange øyne. Fotografi.

Hubroen er veldig flink til å fly og jakter på mange forskjellige slags dyr. Foto: Miloslav Doubrava/stockadobe.om

Vanskeleg å få auge på, lettare å høyre

Å få sjå ei hubro kan vere ein stor oppleving. Se til dømes Bård Tufte Johansen vere tett på ei hubro-unge i andre episode av Oppsynsmannen. Men hubroen gøymer seg svært godt om dagen, gjerne i ei tett gran eller anna vegetasjon, og det skal derfor mykje til å få sjå ho.

Hubroen har ikkje så stort behov for å rope som dei fleste andre ugler. Ugler ropar for å hevde territorium og finne makar. Sidan hubroar lever med same make heile livet, og hekker på den same staden i mange år på rad, så treng dei ikkje rope så mykje. Det er likevel mogleg å høyre hubroen, og det er lettast å høyre ho før egglegging i februar til april. Når hubroen syng, reiser dei merkelege fjør-øyrane seg frå hovudet hennar.

Korleis går det med hubroen?

Det er ikkje så lenge sida hubroen var ein vanlig hekkefugl, og ein kunne finne ho over heile Europa. Nå har ho dessverre blitt utrydda i fleire land i Europa, og hubroen er kritisk trua i Noreg. Dei fleste av hubroane vi har i Noreg finn vi langs kysten i Rogaland og opp mot Nordland.

Ein god nyheit er hubroen ikkje er merka som trua på IUCNs raudliste, som betyr at vi ikkje står i fare for å miste ho frå verda. IUCN står for International Union for Conservation of Nature. Dei har laga ei liste over dyr og plantar i verda som er trua av utrydjing, eller er veldig sjeldne. Men dessverre har hubroen blitt utrydda i fleire land i Europa, og hubroen er kritisk trua i Noreg.

Mange har gjort ein innsats for å hjelpe hubroen i Noreg. Mange hubroar i Noreg har døyd av å få straum i seg frå leidningar. For å forhindre dette har fleire straumlinjer blitt lagt i bakken, og ein har laga trygge sittepinnar for fuglane.

Framleis er det meir vi kan gjere for å ta vare på hubroen: Når vi hogger skog for å bygge vegar, hyttar og fabrikkar, får hubroen mindre områder å leve på. Så å jobbe for å ta vare på skog er å jobbe for hubroen!