klima
aktivisme
natur
Korleis vinne ein diskusjon?
Bryr du deg om klima, men har opplevd å hamne i samtale med nokon som ikkje gjer det? Vi har samla nokre tips du kan ta med deg når du snakkar med andre om klima, enten det er med bestevennen din eller din onkel Gunnar.
Publisert: 7. mai 2025
Skrevet av: Skoleagent Ingvild Swane

Har du prøvd å snakke om klima med ein vaksen? Du kan jo øve med ein vaksen som er einig med deg fyrst! Foto: Wanda Nordstrøm
1. Ha tru på din eigen meining!
Ikkje ver i tvil: Barn har rett til å bli høyrt, og barns stemme er viktig. Viss nokon ikkje vil høyre på deg fordi du er ung, kan du jo spørje den vaksne om dei veit kva som står i barnekonvensjonen eller Grunnloven!
2. Du må ikkje vite alt!
Ikkje la nokon få deg til å tru at meininga di ikkje er gyldig berre fordi du ikkje veit alt om saka. For ingen veit alt, ikkje eingong politikarar! Det er lov å svare «Akkurat det vet eg ikkje, men det er derimot vet, er…» Du treng til dømes ikkje vite alt om norsk økonomi for å meinet at omsynet til klimaet er det viktigaste.
3. Du må ikkje vere perfekt!
Klimaløysningar er noko vi må finne ut av saman, og politikarer har eit særleg ansvar for å gjere det lettare å vere miljøvennleg. Ikkje la deg vippe av pinnen om nokon spør om ikkje du har gjort noko som ikkje er miljøvennleg. Det har vi alle gjort, men det betyr ikkje at politikarer skal gjere mindre for klima – snarare tvert i mot!
4. Klimamyter
Dei som meiner klima og miljø ikkje er så viktig, brukar ofte mange av dei same argumenta igjen og igjen. Og nokon gonger er argumenta basert på myter – altså ting som ikkje er sant ein gong. Les deg opp på nokon vanlege argumenter og myter, så kjem du ein lang veg. Under er et par dømer, med moglege svar. Vil du finne fleire, kan du søke opp «klimamyter».
Myte: «Det har ikkje noko å si kva Noreg gjer»
Svar: Noreg er eit lite land, men vi eksporterer mykje olje, som har store utslepp. Dessutan: For at vi skal nå klimamåla våre, må alle bidra. Kvart tonn CO2 mindre er betre for klima. Når folk ser at eit rikt land som Noreg ikkje gjer sitt, er det mange som tenkjer at dei ikkje vil gjerne noko heller
Myte: «Vi har ikkje råd til redde klimaet»
Svar: Det kostar å gjere klimatiltak, men det er mykje dyrare å la vere. Det kostar mindre å forhindre meir ekstremver enn å reparere skadane etter ekstremver. Vi hadde heller ikkje blitt fattige om vi produserte mindre olje og meir fornybart – sjølv om vi hadde blitt mindre rike. Visste du at vi hadde velferdsstat i Noreg før vi fikk olje?