hjemme
vinter
Gi vekk eit grønt gåvekort
Kva gir du ein som har alt? Det er meir miljøvennleg å gi vekk ei fin oppleving eller ei teneste, enn ein ting som dei kanskje ikkje har bruk for. At du har lyst til å bruke tid med ein person kan også vere hyggelegare enn at du har kjøpt noko på butikken. Lag og gi vekk eit grønt gåvekort!
Publisert: 9. mars 2026
Skrevet av: Organisasjonsagent Agnes Lægreid

Du treng:
- Tjukt papir eller kartong (kan vere ei frukostblandingeske eller eit fargeark)
- Blyant, penn eller tusj
- Ein god idé om kva du vil gi vekk
Sånn gjør du:
Klipp ut kortet i den storleiken du vil ha det.
På den eine sida av kortet skriv du "til: _____" og "frå: _____".
På den andre sida skriv du ned fleire ting som du kan tilby deg å gjere. Lag ei lita avkryssingsrute ved sidan av kvar aktivitet. Den som får gåvekortet krysser av på kva aktivitet, teneste eller oppleving hen har mest lyst på.
Nå er gåvekortet ferdig, og du kan gi det til den som skal få det! Gåvekortet er fint som både bursdags- og julegåve. Kanskje vil du legge det i ein fin konvolutt, knyte eit gåveband rundt, eller pakke det inn?
Her er forslag til ting du kan skrive på gåvekortet ditt
Verdi på gåvekortet:
☐ Dra på kino
☐ Lage dessert
☐ Vaske opp
☐ Gå ein tur i skogen
☐ Støvsuge huset
☐ Lage middag
☐ Vere barnevakt
☐ Lage søndagsfrukost
